Meir gamalt or Sætesdal II – Dei gamle

kr 348,00

På lager

Produktnr: 9788283160529 Kategorier: ,

Beskrivelse

I langt over femti år sende Torleiv Aakre sine soger og utgreiingar til aviser og blad, og uteljande var dei foredrag og dikt han skreiv til alle slags høve. I «Meir gamalt or Sætesdal II og III» hev Olav M. Holen samla ein del av det han hev skrive.

Han var ein ekte sogemann av det gamle slaget; eg meiner han var fullt på høgde med slektningen og grannen sin, informanten til Johannes Skar, Haddvaar Aakre. Som Haddvaar fann Torleiv gull i gråsteinen. Det dei fleste på den tidi tykte var berre gamalt vas og heimeløyso, tok han vare på det, finslipa det og dela raust ut av denne rikdomen til alle som ville høyre på han.

Han skreiv ned det han hadde høyrt av dei gamle. Han var berre 17 år då Haddvaar døydde.  Torleiv var mykje hjå han og fekk han til å fortelje. Om dette skreiv Torleiv:

Naar eg spurde um han vilde fortelja meg noko, sa han alltid: ”So lyt du minnast!” Det var saart for han at ingen vilde minnast.

Men Torleiv Aakre mintest, og han gav det att på ein meisterleg måte. No er dette rike stoffet grave fram att, til glede for nye generasjonar.

Han var ikkje berre ein god sogeforteljar. Han las og studerte mykje på eigi hand. Han lærde seg å tyde gamle dokument som det var mykje av på gamle gardar. Soleis vart han med åri ein ekte dokumentarist.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0,700 kg
Dimensjoner 21 × 15 × 3 cm
Forfatter

Innbinding

Sider

340, rikt illustrert

Utgitt år

Du liker kanskje også…

1

Your Cart